Her er du: Vaksdal bibliotek > Digitale tenester > Film

Film

Filmbib

På Filmbib.no kan du sjå kort- og dokumentarfilmar av nyare dato, men også eit utval av filmar som går tilbake i tid. Her vil du finne ei unik samling av kortfilmar for både barn og vaksne: animasjonsfilmar, eksperimentelle filmar og humoristiske korte historier. Du får òg tilgang til historisk interessante og samfunnsaktuelle dokumentarar og mykje meir. Til saman er det rundt 400 titlar tilgjengeleg for gratis strøyming for deg som bibliotekbrukar.

Slik får du tilgang

Logg inn på filmbib.no med lånekortnummeret ditt og PIN-kode. Tenesta er gratis, men du må ha Nasjonalt lånekort. Du kan logge inn både på PC, nettbrett eller mobil.

Kven står bak?

Norsk filminstitutt administrerer denne tenesta på oppdrag frå Kulturdepartementet. Formålet er å bidra til breidde og kvalitet i filmtilbudet, og å stimulere filmkulturen i Noreg.

Filmoteket

Med filmoteket.no kan du enkelt og lovleg strøyme kvalitetsfilm. Biblioteket betaler for tenesten, slik at den vert gratis for deg.

Slik får du tilgang

  • Opprett ein brukar på Filmoteket.no. Registrer e-postadresse, ditt nasjonale lånenummer og tilhøyrande pinkode.
    Det nasjonale lånekortet ditt må vere registrert med Vaksdal folkebibliotek som heimebibliotek.
  • Har du ikkje eit nasjonalt lånekort? Registrer deg her, eller kontakt biblioteket.

Utlånstid og tal på lån

  • Du kan låne 4 filmar pr. månad.
  • Filmen er tilgjengeleg i 48 timer og den kan strøymas fleire gongar.

Filmen kan sjåast på PC, Mac, nettbrett og smarttelefonar på Windows, iOS og Android og i alle kjente nettlesarar. Filmen kan og enkelt overførast til størreskjerm, f.eks TV, via AirPlay og Chromecast. Filmtilbodet er tilgjengeleg når som helst og kvar som helst i Noreg. (Du må ha norsk IP-adresse.)

På Min side får du oversikt over favorittar, lånehistorikk og tal på lån som er brukt og kor mange lån du har igjen i månaden.

Spørsmål og svar om Filmoteket

Filmtjenesten vert levert og drifta av Norgesfilm AS.

Share This