Her er du: Vaksdal bibliotek > Digitale tenester > Bøker og lydbøker

Bøker og lydbøker

Om du har lånekort hjå oss, kan du låne e-bøker til smarttelefonen eller nettbrettet ditt. Du kan også finne mange eldre, digitaliserte bøker i Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek.

BookBites

Biblioteka i Vestland brukar appen BookBites til å låne ut e-bøker og e-lydbøker. Tenesta er gratis for deg som lånar, og krev at du har lånekort ved eit folkebibliotek eller eit bibliotek ved ein vidaregåande skule i Vestland. Har du ikkje lånekort, får du det på biblioteket.

I appen kan du tilpasse og markere teksten, skrive notat og slå opp ord. Du kan endre bakgrunnsfarge på sidene, og boka vert opna på den sida ein avsluttar lesinga. Appen har automatisk innlevering av boka ved forfall, men du kan levere inn boka før forfallsdato. Du må laste ned bøkene medan du er på nett, men du kan lese dei utan nettilgang (offline). Du vil finne utstillingar av bøker i BookBites. Til dømes kan det vere «bokhyller» med Sommarles-tips, nominerte bøker til litterære prisar eller anbefalingar frå dei tilsette på biblioteket.

Slik gjer du det

1. Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play
2. Lag ein brukar med epost-adresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
3. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket. Om du har ein Feide-brukar kan du logge inn med den i staden.
4. Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les eller lytt.

Treng du hjelp?

Videoguide som viser korleis du kan opprette ein brukar, og ta i bruk Bookbites

Dersom noko går gale, kan du kontakte det lokale biblioteket ditt for å få hjelp.

Nettbiblioteket

Gjennom Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek, (tidlegare bokhylla.no), kan du lese norske, digitaliserte bøker som kom ut frå år 2000 og tidlegare. Pr. 2021 er det over 500 000 bøker tilgjengeleg i nettbiblioteket. I tillegg er det mogeleg å lese mange tusen tidsskrift, aviser og sjå digitaliserte bilete.

Nettbiblioteket er gratis tilgjengeleg for alle med norsk IP-adresse. Nasjonalbiblioteket kan etter konkret spørsmål gje andre brukarar tilgang for særskilte formål, i hovedsak forsknings- og utdanningsformål, etter nærmare definerte kriterium. Bøker som er opphavsrettslig beskytta, er ikkje tilrettelagt for nedlasting eller utskrift.

Billedbokhylla

Hammerfest bibliotek har laga ein eigen base der dei har samla dei digitaliserte billedbøkene frå Nasjonalbiblioteket.

Share This