Her er du: Vaksdal bibliotek > Digitale tenester > Aviser og tidsskrift

Aviser og tidsskrift

Les aviser og tidsskrift frå heile verda gratis via biblioteket ditt!

PressReder

Biblioteket gjev deg tilgang til over 7000 aviser og tidsskrift gjennom PressReader, til dømes Bygdanytt, Bergens tidende, Aftenposten, Dagbladet, Washington Post, Daily Mail og El Pais. Tenesta har også magasin om foto, hage, helse, historie, mat, teknologi, vitskap og mykje, mykje meir.

Slik får du tilgang

På mobil og nettbrett: Last ned appen Pressreader fra Google Play eller App Store. Når du koplar deg på biblioteket sitt nettverk får du tilgang til alt innhaldet som er dekka av abonnementet vårt.

På datamaskin: Gå inn på pressreader.com medan du er på biblioteket sitt nettverk.

Etter å ha nytta denne tenesta i biblioteket har du full tilgang til Pressreader i 7 dagar frå den eininga du har brukt. Du må altså innom biblioteket kvar 7. dag for å få oppdatert tilgangen. Pga. koronasituasjonen er denne tilgangen mellombels utvida til 60 dagar.

Share This