Avslutning av Sommarles 2019 med fest i Dale forsamlingshus for dei som har vore med på den digitale lesekampanjen.
Det blir boller, saft, bokpremier og ikkje minst teaterframsyning med forfattaren og skodespelaren Adele Duus. Duus vil spela framsyninga Oldefars ulveskinnspels. Framsyninga er støtta av Hordaland fylkesbibliotek.