Her er du: Vaksdal bibliotek > Arrangement > Arrangement
17.10.2019 Kl. 18:00
Generasjon prestasjon i Dale forsamlingshus
Arrangement

Korleis skapa ein kvardag kor dei unge er meir opptatt av kven dei er enn kva dei gjer? spør Tror Edvard Haukedal i føredraget Generasjon prestasjon.

Dato / tid
17.10.2019, 18:00, - 19:30

Dei unge opplev ofte situasjonar i kvardagen med press, krav og forventningar om å levera gode resultat. Dette gjer at dei blir slitne, deprimerte og passive. Ofte har dei unge sjølv dei største forventningene og dei er samtidig sin verste kritikar.
Tror Edvard Haukedal er psykolog, føredragsholder og forfattar. Han er 61 år. I tillegg til 34 års erfaring som klinisk psykolog har han 10 års leiarerfaring som senterleiar og som annonsesjef i Bergens Tidende.
Han er ein sær populær føredragsholder og er kåra til både årets føredragsholder og årets kursholder i Noreg.
Gratis inngang.
Arr.: Vaksdal folkebibliotek
Føredraget er støtta av Fritt Ord.