Familieframsyning i Dale forsamlingshus

Arrangement

Onsdag 6. november kl. 18 kjem Christian Stejskal i Dale forsamlingshus og framfører to musikalske eventyr for forteljar og solo-fiolin.

Dato / tid
06.11.2019, 18:00 - 19:30


Dei to eventyra er Oksen Ferdinand, som er skrive av Munro Leaf, og Peter og ulven, av Sergei Prokofjev.

Christian Stejskal har tidlegare gjesta Forsamlingshuset med vaksenframsyninga Mitt nabolag.
Stejskal er fiolinist, fotograf og historieforteljar, og er utdanna ved Musikkhøgskolane i Oslo, Hannover og Bern.
Framsyninga hans i Dale forsamlingshus er gratis.
Arr.: Vaksdal folkebibliotek