Her er du: Vaksdal bibliotek > Aktuelt > Ukategorisert > Nytt biblioteksystem: Cicero

Nytt biblioteksystem: Cicero

AKTUELTpublisert 12.12.2025

Velkomen til nytt biblioteksystem.

Vaksdal bibliotek har no gått over til å nytte Cicero som biblioteksystem. Som lånar vil du sjå at det ser litt annleis ut på våre sjølvbetente utlånsautomatar. Det er eit nytt og oppdatert system som skal gi betre og meir effektive tenestar til alle brukarar av biblioteket.

Nyheit!

No kan du som er lånar:

  • reservere bøker heimefrå.
  • sjå kva som er tilgjengeleg til utlån nett no.
  • sjekke status på eigne lån heimefrå.

Dette finn du i Cicero Surf. Det er to ulike portalar, ein for kvart bibliotek som høyrer til Vaksdal folkebibliotek.

Siste betente opningsdag før jul er torsdag 18.desember kl 13-18 på Dale. Varmt velkomne til å låne og levere bøker før juleferien.

Share This