Her er du: Vaksdal bibliotek > Aktuelt > Ukategorisert > Oppstart av lesesirkel i Synken, Vaksdal Vel

Oppstart av lesesirkel i Synken, Vaksdal Vel

AKTUELTpublisert 29.08.2025

Etter infomøte i Synken måndag 25.august kan me med glede melde at det er starta opp lesesirkel! Det var stort engasjement og godt oppmøte.

Første møte blir 30.september kl 18:30 i Synken, Vaksdal. Første bok ut er “Gratulerer med dagen” (2022) av Maria Horvei frå Bolstad. Møtestad: Synken, Trollkjelsvegen 26, Vaksdal

Viss du gjekk glipp av møtet og er nysgjerrig på lesesirkelen eller veit at du gjerne vil bli med, kan du ta kontakt med Evelyn Boge/Vaksdal Vel på e-post: Vaksdalvel@gmail.com . Velkomen skal du vere!

Lesesirkelen er eit samarbeid mellom Vaksdal Vel/Synkens Venner og Vaksdal folkebibliotek.

Share This