Her er du: Vaksdal bibliotek > Aktuelt > Ukategorisert > Årsmelding 2025

Årsmelding 2025

AKTUELTpublisert 05.01.2026

Årsmelding 2025 

Vaksdal folkebibliotek – Saman om leselyst 

Vaksdal folkebibliotek er eit bibliotek med Hovudbibliotek på Dale og filial på Vaksdal. Biblioteket ønskjer å vere ein møteplass for heile lokalbefolkningen på rundt 3900 innbyggjarar. Biblioteket rommar meir enn 20-30 000 bøker. 2025 har vore eit år prega av stor aktivitet og mykje utvikling for Vaksdal folkebibliotek. Innføring av meirope bibliotek på Dale og overgang til nytt biblioteksystem har gitt betre tilgjengelegheit og brukarvennlegheit. Biblioteket har styrkt samarbeid med skular og barnehagar, arrangert eit breitt spekter av kulturaktivitetar og etablert nye møteplassar for både barn, ungdom og vaksne. Leselyst, samarbeid og inkludering har stått i sentrum. Vår visjon er at biblioteket skal vere eit frirom, ein stad der alle kjenner at dei er velkomne og kan finne eit pusterom i kvardagen og ei dør inn til bøkenes verd. 

Stikkord for biblioteket sitt arbeid i 2025:

leselyst, delte opplevingar, møter med litteratur, samarbeid med lokale aktørar og betre tilgang til biblioteket sine tenestar.

Besøk totalt i år: 2788 besøk i betent opningstid.

Besøk på arrangement: 

Barn: 329.

Vaksne: 250. 

579 totalt.

DRIFT OG UTVIKLING AV VAKSDAL FOLKEBIBLIOTEK

I 2025 har det vore fokus på augt profesjonalisering av dagleg drift, augt tilgjengelegheit gjennom meirope hovudbibliotek, nytt biblioteksystem, styrka kompetanse og fagleg utvikling.

I 2025 har arbeidet med å profesjonalisere drifta av biblioteket blitt vidareført gjennom omfattande opprydding, registrering og ikkje minst aktualisering av samlinga. I eit kvart bibliotek er kassering av bøker med jamne mellomrom naudsynt for å få plass til nye bøker og gjere biblioteket meir innbydande for publikum. Dette er eit stort arbeid som blei gjennomførd av biblioteksjefen med støtte frå Bibliotekutvikling Vestland (fylkesbiblioteket). Spesielt har det vore kassert mykje på Vaksdal filial og generelt sett er det etablert betre rutinar for kassering. Delar av samlinga har blitt utfasa, for eksempel DVD-ar og CD-ar, til fordel for utlån via digitale løysingar.  

Å auke tilgjengelegheita til biblioteket er ei viktig satsing. I januar 2025 opna me meirope bibliotek på Dale. Grunna tekniske utfordringar, tok det lenger tid enn ønska å få alt klart til bruk. Biblioteket fekk midlar frå Vestland fylkeskommune til å oppgradere utstyret. Brukarar av biblioteket har sidan januar hatt moglegheit til å nytte biblioteket alle dagar i veka i tidsrommet 08:00-21:30, også i helga. Dette er eit kjærkome tiltak og blir nytta mykje. Frå før blir meirope bibliotek på Vaksdal filial nytta av mange brukarar kvar veke.  

Å etablere eit spelrom for barn og unge i Hovudbiblioteket på Dale har lenge vore eit ønskje og står i tråd med folkebiblioteklova si ordlyd om at biblioteka skal stille alle mediar tilgjengeleg til utlån. I 2025 har dette endeleg kunne realiserast gjennom midlar frå Vestland fylkeskommune. Biblioteket har kjøpt inn nye Nintendo Switch med fleire konsollar og eit utval spel. Me gler oss no til offisiell opning av Spelrommet i starten av 2026. Formålet med spelrommet er å gje barn og unge eit frirom i kvardagen, og å stimulere fleire barn og unge til å bruka biblioteket. Her kan dei møtast på biblioteket saman med vener og få nye vener, også på tvers av alder og morsmål. Planen er å arrangere aktivitetar knytt til spelrommet eit par gongar i året og tilby faste speletider kvar veke, samt tilby spelrommet til undervising og leik for skuleelevane.  

Siste del av 2025 har vore prega av overgang til det nye biblioteksystemet Cicero. I 2024 blei Vaksdal folkebibliotek med i eit IKT-samarbeid mellom fleire bibliotek i Norhordland. Førebuinga har omfatta vekentlege samlingar på Teams med alle prosjektdeltakarane og digital kursing. I løpet av hausten 2025 har dei fleste biblioteka gått over frå gamalt  (“MicroMarc3”) til nytt system (“Cicero”). I Vaksdal vil lånarane bli introdusert til det nye biblioteksystemet tidleg i 2026. Overgangen har betydd mykje ekstra arbeid for biblioteksjefen, men til gjengjeld inneber systemet ein rekke forbetringar. Det er mykje meir brukarvenleg og tilbyr langt fleire tenester og funksjonar. Blant anna blir det lettare for lånarane å navigere i, og reservere materiale frå, katalogen heimanfrå. Arbeidet med nytt biblioteksystem er i seg sjølv kompetansehevande. For biblioteksjefen har det å få utforme og programmere eit biblioteksystem frå botn vore ei lærerik prosess som har gitt kunnskap som kan tas med vidare i utviklinga av biblioteket.  

Bibliotekfagleg samarbeid og kompetanseheving er viktig for å kunne vidareutvikle biblioteket og gje eit endå betre tilbod til innbyggjarane i Vaksdal.Her har ei viktig satsing vore etablering av nytt regionsamarbeid med bibliotek i nærliggande kommunar. Til no har me hatt eitt møte i Nordheimsund og planlegg fleire møte i tida framover. Samarbeidet handlar om å  vere ein fagleg støtte for kvarandre. Reint konkret kan dette innebere “alle-klutar-til”-tiltak der ein samlast på eit bibliotek og hjelpar til med praktiske gjeremål som kassering og flytting, eller det kan handle om bibliotekhospitering, fagleg utvikling og utveksling av idear. Biblioteksjefen har også vore til stades på det årlege treffet for biblioteksjefar i fylket (“Bibliotekdagane”) for fagleg påfyll og erfaringsutveksling, med workshops, føredrag, diskusjonar og nettverksbygging. I tillegg har biblioteksjefen delteke på eit seminar på Vestlandshuset i Bergen med tittelen Leselyst for dei minste, saman med andre bibliotekarar og barnehagetilsette – om korleis ein best kan formidle litteratur for og saman med barna i barnehagen. Dette ga inspirasjon til vidare samarbeid med barnehagar også i Vaksdal kommune. Sidan biblioteksjefen i kommunen er mykje åleine på jobb  og ikkje har kollegaer med bibliotekfagleg bakgrunn, har det i samarbeid med kultursjefen blitt avgjord at biblioteksjefen skal hospitere ved andre bibliotek i fylket ein dag kvart halvår. Målet er sjå korleis andre bibliotek i fylket jobbar, og hente inspirasjon gjennom jobbskygging og samtalar med andre biblioteksjefar. Hausten 2025 besøkte biblioteksjefen Samnanger bibliotek, der biblioteksjef Merethe Gauden arbeidar.  

ARRANGEMENT OG AKTIVITETAR I BIBLIOTEKET

I året som har gått har det vore høg aktivitet på biblioteket med arrangement for både store og små. Det er stor variasjon i arrangementa. Biblioteket har vore ein arena for litteratur og kultur for både barn, ungdom og vaksne – til begeistring og læring. Trass i eit begrensa budsjett for arrangementsaktivitet, har det vore mykje aktivitet på biblioteket i løpet av året. I planlegginga av aktivitetane har ein for å utnytte ressursane på best mogleg vis fokusert på å invitere forfattarar med lokal forankring, samarbeide med andre lokale aktørar og eldsjeler, og elles organisere aktivitetar som kostar lite. Det er difor stor breidde i arrangementsutvalet. Ein annan viktig dimensjon ved desse prioriteringane er betydninga av å spegle folk i lokalmiljøet sine eigne interesser, invitere til arrangement dei lokale innbyggjarane ønskjer å vere med på, og på den måten auke den lokale eigarskapen til biblioteket. Det er viktig at det er noko for ein kvar – noko som engasjerer og inviterer til lesing.

Oversikt over arrangement i regi av biblioteket/i samarbeid med andre aktørar

  • 30.januar: Opning av meirope på Dale 
  • 7.-8.februar: Folkesongkurs med Berit Opheim
  • 13.mars: Forfattarbesøk med Randi Fuglehaug
  • 24.april: Stølsheimen (føredrag, samarbeid Nordhordland Unesco Biosfære, Berekraft, biosfære & bibliotek)
  • 12.juni: Sommarles kick-off 
  • 28.august: Sommarlesavslutning
  • 14.oktober: “Hvem lurer hvem?” – konsert og dans for barnehagar med Deoran
  • 16.oktober: Ung Blues med Deoran konsert for ungdomskuleelevar 
  • 13.november: Poesi-kveld på Dale 
  • 5.desember: Multimedieføredrag med astronom og astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard for heile mellomtrinnet i kommunen i Dalesalen   

AKTIVITETAR FOR BARN

Sommarles, sommaraktivitetar og biblioteket som frirom 

Sommarles er ein nasjonal lesekampanje for barn i sommarferien som er veldig populær i Vaksdal. Mange leseglade barn deltek kvart år. I år hadde me kick-off arrangement i midten av juni og avslutning med diplomutdeling og pizza i august. Kvar sommar arrangerer biblioteket også andre aktivitetar for barn og unge, som er gratis og ope for alle. I 2025 vart det brettspeldag og bokverkstad i sommarferien, i tillegg til aktivitetane knytt til Sommarles-kampanjen. Mange barn tilbringar fritid og feriar i biblioteket – dei gjer leksar, spelar brettspel, lånar og les bøker.

Aktivitetar med skuleelevar og barnehagebarn 

I løpet av året har mange skuleelevar frå Dale skule, Stanghelle skule, Vaksdal skule, Eksingedalen oppveksttun og Stamnes oppveksttun vore innom biblioteket. Dei har lese og lånt bøker og utforska biblioteket. Skulane  bestillar ofte bokkassar frå biblioteket, med ulike tema og til bruk i leseveker.  Også barnehagane er stadig innom biblioteket. Bibliotekaren les høgt for ungane og dei lånar bokkassar med seg tilbake til barnehagane. I tillegg har både skular og barnehagar vore invitert til ulike arrangement på biblioteket, som til dømes konsertar med song og dans, eller spennande føredrag.  

Samarbeid mellom bibliotek og barnehage 

Biblioteket søkte og fekk i 2025 midlar frå Vestland fylkeskommune si nye tilskotsordning “Leselyst med dei minste”. I samarbeid mellom biblioteket og styrarar for alle barnehagane  i Vaksdal blei det bestemt at  midlane skulle gå til å kjøpe inn bokpakkar som skal plasserast i kvar barnehage og rullere mellom dei. Bokpakkane skal fungere som eit slags barnehagebibliotek, der barnehagane kan byte på å låna bokpakkar. Biblioteksjefen har kjøpt inn omlag 20 bøker med tilskotsmidlane og klargjord handlenett som blir delt ut januar 2026. Tiltaket fyllar openbart eit behov, og oppmuntrar til fleire arrangement for barnehagar i framtida, både i biblioteket og på besøk ut i barnehagane. Dette tiltaket inspirerte også til å få med helsestasjonen i eit framtidig samarbeid om formidling av bøker og biblioteket til barn og foreldre som kjem til helsestasjonen.                                  

Tettare samarbeid med skulane 

Det å få barn og unge til å ha glede av å lese og oppleve bøkene si verd er ein hjartesak for biblioteksjefen. Difor har det også lenge vore eit mål å få til eit fastare og meir systematisk samarbeid mellom biblioteket og skulane i kommunen – i og med at dei ikkje har eigne skulebibliotek eller skulebibliotekarar. I år vart det ein stor satsing på leseglede, inspirert av Lillehammer bibliotek si suksessrike pionersatsing Lesekvart+. Dale barne- og ungdomsskule blei  vald som pilotskule for to nye hovudaktivitetar: bibliotektimar for alle klassetrinn og aktivitetsbank til leseveker. I haust har elevar frå 1., 2., 3. og 8.trinn vore på bibliotektimar. Dei minste har blitt betre kjend med biblioteket ved å myldre og utforske bøker, og både barn og vaksne har lese høgt for kvarandre. For dei eldste har det vore bokkafé der elevane har fått “smake” på ulike sjangrar innanfor ungdomslitteraturen. Målet er å utvide tilbodet til å gjelde for alle skular i kommunen. 

Innsats for andre – valfag 

Samarbeidet mellom bibliotek og skule kan også ta andre formar. Dale barne- og ungdomsskule bidreg faktisk med arbeidskraft til biblioteket gjennom valfaget «Innsats for andre». Ungdomskuleelevar har i år og tidlegare år jobba i biblioteket ein times tid kvar torsdag med ulike oppgåver. Dei har merka og stempla nye bøker, satt på plass bøker i hyllane, henta post og rigga til arrangement. Tidlegare år har dei også assistert på arrangement for yngre barn, noko som me gjerne vil gjere igjen.  Biblioteket har stor tru på at denne ordninga styrkar eigarskapet til biblioteket bland barn og unge, og gjer at dei føler seg heime der.

Bokutdeling til alle 4-åringar i kommunen 

Etter initiativ frå Kjartan Haugsnes (SV) i kommunestyret vart biblioteket med på tiltaket “Bokutdeling til 4-åringane”. Biblioteksjefen fekk velje bok og boka for 2025 blei I Skogen – ein vrimlebok om bier, biller og andre småkryp av Tetiana Kosovska (2021). Dette er ei bok som oppfordrar til nygjerrigheit og samtale om alt som kryp og kravlar på boksidene mellom barn og vaksne. Utdelinga fann stad i Dalesalen og etterpå vart det myldring i biblioteket for barn og familiar der fleire fekk lånekort og låna bøker med seg heim.

Ordførar Hege Eide Vik (SP), varaordførar Kjartan Haugsnes (SV) og biblioteksjefen delte ut bøker til ivrige og stolte 4-åringar. Dette skal bli ei årleg satsing – for leselysten startar den augneblinken eit barn får ei bok i handa.  

LOKALT SAMARBEID MED FOKUS PÅ VAKSNE

Etablering av ny lesesirkel 

I haust vart det på initiativ frå bibliotekar, innbyggjarar i Vaksdal bygd og Vaksdal Vel starta ein lesesirkel i arbeidarbustaden Synken i Vaksdal. Bibliotekaren inviterte til oppstartsmøte i Synken. Medlemmane i lesesirkelen les ei bok kvar månad og har møte der dei diskuterer det dei har lese. Bibliotekaren støttar med å skaffe  nye bøker kvar månad frå eige samling og som innlån frå andre bibliotek i landet. I haust arrangerte Vaksdal Vel dessutan forfattartreff med forfattar av den første boka som blei lesen i lesesirkelen, boka Gratulerer med dagen av Maria Horvei. Forfattartreffet var ope for alle. Januarboka blir Naustet av Jon Fosse. 

Poesi-kveld på biblioteket – starta på ei ny lyrikksirkel? 

I haust samla me lokale stemmar og folk med interesse for poesi til ein hyggeleg  poesi-kveld i biblioteket. To lokale diktarar, Jani Frotveit og Elise Carlsen, las høgt frå eigne dikt og snakka saman med biblioteksjefen om skriveprosess og inspirasjon. Publikum blei også invitert til å lese dikt av både Frotveit, Carslen og andre diktarar høgt. Etter poesi-kvelden på Dale i november fekk me respons frå publikum på at det hadde vore kjekt å starte opp ein lyrikk-sirkel i biblioteket på Dale.  Poesi-kvelden hadde tittelen “Å våge å dele det uperfekte” der me diskuterte korleis ein skal våge å dele det ein skriv med andre. Det er mange vaksne i kommunen som liker å lese og skrive sjølv. Dette er ein interesse me ønskjer å dyrke vidare ved å leggje til rette for å skape eit miljø og eit møtepunkt for vaksne som skriv og les på biblioteket. Dette tek me med oss vidare inn i 2026. 

Småbarntreff – ein møteplass for dei som er heime med små barn

I løpet av våren 2025 samarbeida biblioteket med Frivillegsentralen om å arrangere småbarntreff – treff for nye mødre og fedre på biblioteket. Det vart kaffi og te, høgtlesing, teikning og utforsking av biblioteket. Tiltaket blei til på initiativ frå småbarnsforeldre i lokalmiljøet som ønska seg ein møteplass utanfor heimen.  

Datahjelpa 

Datahjelpa er eit  fast arrangement på biblioteket. På Datahjelpa får seniorar i kommunen hjelp til det meiste på skjerm – data og mobiltelefon – ein gong i månaden. Dette er eit samarbeid mellom Vaksdal kommune, Frivillegsentralen, biblioteket og valfaget «Innsats for andre» på Dale ungdomsskule. Ungdomskuleelevane hjelp dei eldre med digital rettleiing. Nokre  av skuleelevane er også på kjøkkenet og ordnar salt og søtt til lunsj. Dette er ein viktig møteplass for båe ungdommane og seniorane og minst like viktig sosialt, som lærerikt. Oppmøte i 2025: 34.    

Språkpraksis og arbeidstrening 

I 2025 har me vore så heldige at me har hatt ein ukrainsk språkpraktikant i biblioteket på Dale. Praktikanten har jobba to dagar i veka med ulike praktiske arbeidsoppgåver: merking og stempling av nye bøker, sette bøker på plass i hyllane, rigge til og assistere på ulike arrangement, henting av post, kassering av bøker med meir. Det har vore godt å ha ekstra arbeidskraft i biblioteket og samstundes flott å kunne bidra til både språktrening via Vaksdal introsenter og arbeidstrening via NAV.  

Samlokalisering bibliotek og Frivillegsentral

Eit nytt prosjekt i år har vore å samlokalisere Frivillegsentralen med biblioteket. Tanken var at dette ville gje synergieffektar og kunne opna for meir samarbeid lokalt. Inspirasjonen til dette tiltaket er bland anna samlokaliseringa av Samnanger bibliotek og Frivillegsentral, som dei er særs godt nøgde med, som båe biblioteksjef og frivillegkoordinator har vitja. Dei samarbeidar bland anna om ein rekke arrangement for ulike aldersgruppar.  Frivillegkoordinatoren i Vaksdal har no delvis arbeidsplassen sin på biblioteket og har nokre arbeidsdagar i veka der. Slik blir Frivillegsentralen også meir tilgjengeleg for publikum for oppsøkande samtalar om frivilleg  arbeid. Sidan biblioteket allereie er samlokalisert med Dale barne- og ungdomsskule, som har behov for å nytte grupperom til undervisning i Norsk2 for ukrainske flyktningar, har det førebels ikkje lukkast å gje frivillegkoordinatoren ein eigen permanent kontorplass på biblioteket. Førebels nyttar frivillegkoordinatoren sitjeplassar i bibliotekrommet. Målet er at frivillegkoordinator skal få eit mer permanent kontor på biblioteket på eit av grupperomma. Dette vil me arbeide for å realisere i 2026, og slik kan biblioteket bli ein møteplass for endå fleire i lokalmiljøet.

BIBLIOTEKET I MEDIA

Biblioteket er aktiv på sosiale mediar og delar viktig informasjon, arrangement og bilete frå det som skjer på biblioteket på Facebook og Instagram. Lokalavisa Vaksdalposten (VP) dekker jamnleg arrangement og nyhende frå biblioteket. Dette er med på å synleggjere biblioteket og skapar blest og merksemd rundt kva som rørar seg på biblioteket. I 2025 har VP publisert om lag 10 sakar om biblioteket. For biblioteket er slik mediedekning særs viktig. Det bidrar til å synleggjere biblioteket som ein kulturell samlingsstad i kommunen, og viser kor sentral plass biblioteket har i lokalsamfunnet.  

VEGEN VIDARE

I 2026 er målet å vidareføre etablerte satsingsområdar, aktivitetar og tiltak som starta i 2025, og slik vidareutvikle Vaksdal folkebibliotek som kulturell og litterær samlingsstad i kommunen. Leselyst og leseglede for alle står i sentrum. Fokuset på barn og unge vil fortsett stå sentralt. Noko av det første som skal skje er offisiell opning av det nye spelrommet. Deretter skal barnehagane få utdelt bokpakkar i samband med tiltaket «Leselyst for dei minste» og dette samarbeidet skal vidareutviklast. Faste aktivitetar, som Datahjelpa, skal vidareførast. Også i 2026 planlegg biblioteket  arrangement av mange slag, for både store og små.

Samtidig merkar også biblioteket reduksjonane i kultursektoren. Rett før jul gjekk ein bibliotekmedarbeidar i deltidsstilling av med pensjon og blir ikkje erstatta. Det er ikkje til å legge skjul på at konsekvensane av denne reduksjonen i arbeidskraft vil gjere det endå meir utfordrande for éin bibliotekar å åleine skulle drifte to bibliotek. Med eit romslegare budsjett kunne dessutan biblioteket arrangert fleire arrangement og aktivitetar, også med forfattarar langvegsfrå, noko som nok ville ha lokka endå fleire brukarar til biblioteket.

Ikkje minst på grunn av eit avgrensa budsjett vil biblioteket halde fram med å søke eksterne midlar. I tillegg blir arbeidspraksis, elevsamarbeid og ulike formar for samarbeid med andre aktørar endå viktigare i drifta av biblioteket framover. Avlasting frå arbeidsoppgåver knytt til den regulære bibliotekdrifta  frigjer meir tid for biblioteksjefen til å fokusere på formidling, samarbeid og utvikling av biblioteket.

Samarbeid er i det heile eit viktig stikkord for biblioteket si satsing i tida som kjem. Det nye samarbeidet med Dale barne- og ungdomskule skal haldast fram med og dei andre skulane vil bli invitert til å kome på bibliotektimar etter kvart og skal få tilgang til aktivitetsbank for med leseaktivitetar.

Biblioteket har også ambisjonar om å få til samarbeid med kommunen si nytilsette musikkterapeut, og å vidareutvikle samarbeidet med Frivilligsentralen. Samtidig er biblioteket alltid ope for forslag og nye idear om samarbeid og tiltak, ikkje minst frå brukarane.

Eit anna viktig fokus i tida framover er biblioteket si rolle i beredskapen, og biblioteket ønskjer her eit samarbeid med beredskapsansvarleg i kommunen. Vidare blir det viktig å halde fram med kompetanseheving, gjennom samarbeid med andre bibliotek og deltaking på ulike kurs og seminar.

Me sjåast på biblioteket i 2026!

Maren Johanne Børdahl

Biblioteksjef

Share This