Her er du: Vaksdal bibliotek > Aktuelt > Ukategorisert > Biblioteket får nytt biblioteksystem – info om stenging

Biblioteket får nytt biblioteksystem – info om stenging

AKTUELTpublisert 27.10.2025

Vaksdal folkebibliotek skal få eit flunkande nytt biblioteksystem. Biblioteket må difor halde stengd i ei periode medan me jobbar med å få på plass det nye systemet.

Slik blir desember og starten av januar:

Hovudbiblioteket på Dale, Vaksdal filial og meirope begge stader blir stengd:

  • Frå måndag 8.desember til og med onsdag 17.desember 

Biblioteket er difor heilt utilgjengeleg for publikum i denne perioda. Det blir ikkje mogleg å besøke biblioteket innanfor eller utanom opningstid eller låne bøker. 

Meirope bibliotek (Vaksdal og Dale) blir også heilt stengt i juleferien:

  • Dale: 19.desember – 6.januar 2026
  • Vaksdal blir dermed heilt stengt: 8.desember – 5.januar 2026

Siste betente opningsdagar før jul blir:

  • Vaksdal: 1. desember
  • Dale: 18.desember

Biblioteket opnar etter jul:

  • Vaksdal: måndag 5.januar (betent)
  • Dale: tysdag 6.januar (betent)

Me set pris på tolmod frå biblioteket sine trufaste brukarar/lånarar i arbeidet med systemovergangen.  

Me oppfordrar alle ivrige lesarar til å låne med seg rikeleg med bøker heim før denne stengeperioda! Og gler oss til å opne att med nytt biblioteksystem og endå betre tenestar etter jul.

Spørsmål til: maren.johanne.bordahl@vaksdal.kommune.no eller 45376719. 

Biblioteket får nytt system i desember – Vaksdal kommune

Informasjon om meirope i jula – Vaksdal bibliotek

Vaksdal filial, Hovudbiblioteket på Dale og meirope begge stader stengd i veke 50 og halve veke 51. Og stengt i juleferien veke 52 og 1

Share This