Her er du: Vaksdal bibliotek > Aktuelt > Ukategorisert > Foredrag: Ein grønare kvardag 14.11 kl 18

Foredrag: Ein grønare kvardag 14.11 kl 18

AKTUELTpublisert 30.10.2023

Velkomen til foredrag på biblioteket på Dale tysdag 14.november kl 18:00

Ein grønare kvardag!

Frå heimelaga hygieneprodukt til kompostering med bokashi – bli inspirert til å gjere små og store endringar for ein grønare kvardag!

Over berre nokre få generasjonar har vi fått vanar som både bidrar til meir søppel, men også meir uønska kjemikaliar i kvardagen vår. Bli med når Kristine Ullaland, frå Grønare kvardag og Zero Waste Norge kjem for å inspirere oss til å prøve ein eller fleire idear som bidrar til ein grønare kvardag for deg. Kristine er opptatt av at berekraftige vanar skal vere inspirerande og gje glede i kvardagen, og vil gje konkrete råd for hygieneprodukt, forbruksvarer og komposterbart avfall – då spesielt komposteringsmetoden bokashi.

Kristine har master i sosialantropologi frå School of  Oriental and African Studies (SOAS), er dagleg leiar i Zero Waste Norge og er skribenten bak Grønare kvardag. Ho har bidratt til over 100 intervju i nasjonale og internasjonale media om berekraft, deriblant Praktisk Info med Jon Almaas, Folkeopplysningen og Lørdagsrevyen på NRK.

Bruk moglegheita til å få svar på spørsmål du lure på tilknytt ein berekraftig livsstil, og til å møte likesinna i ditt nærmiljø. Foredraget passar for deg som allereie er engasjert og har mange berekraftige vaner i din kvardag, til deg som er nysgjerrig på kva dette er og ynskjer å lære meir.

Sjåast på foredrag!

 

Share This