Her er du: Vaksdal bibliotek > Aktuelt > Ukategorisert > Sommarlege boktips!

Sommarlege boktips!

AKTUELTpublisert 29.06.2023

Boktips til sommarferien frå bibliotekaren!

Her er tre bøker eg har lese i sommar. Tre ulike bøker – men for meg gav dei alle på si måte ei ro og innleving som gav meg eit pusterom frå kvardagen. God sommar!

🛶🏞Me byrjar me boka «Ro – Om Sognefjorden og ein lang retur heim». Her er forteljaren på rotur langs heile Sognefjorden i ein ekte gammal oselvar. Betraktningar om livet går hand i hand med forteljingar frå roturen.
🌸 Eg høyrde boka som lydbok i Bookbites (Bibliotekenes gratis lydbokteneste).🌸
🗡🔥❄️Boka «Kniven i ilden» har hausta lovord! Me blir med tilbake til 1800-talets Finnland og Nord-Noreg og får eit unikt innblikk i livet til nokre kvenar i hardfør natur på leit etter ein plass å bu. Var du kvene og kvinne var ikkje kvardagen akkurat ein dans på roser.
🌸 Tilgjengeleg på Dale 🌸
👵🎁 «Mors gaver» er ei nydelig lita bok, som tek oss med inn i barndomsheimen til forteljaren og moras lister over gåver til kjære og kjente bring fram minnar frå oppveksten og livet til forteljaren. Mora har demens og no må dottera hugse for ho.
🌸 Tilgjengeleg på Vaksdal filial. 🌸
Share This