Her er du: Vaksdal bibliotek > Aktuelt > Ukategorisert > Nyhende: Publikumspc på Dale

Nyhende: Publikumspc på Dale

AKTUELTpublisert 30.03.2023

Nyhende! Me har fått bibliotekets aller fyste publikumspc! No kan du bruke datamaskin på biblioteket på Dale tysdag og torsdag i biblioteket si opningstid. Du kan surfe på nettet, nytte ulike tenester frå biblioteket, skrive sjølv og printe ut eller skanne dokumentar mot ein liten sum per ark. Me håpar mange blir glade for dette tilbodet!

  • Treng du å sjekke skattemeldinga? Nettbanken? Vêret? Avisa?

 

  • Du kan lese tidsskrift og magasiner i Pressreader og digitale bøker og avisar på Nasjonabiblioteket si nettside.

 

  • Vil du kome i gong med lydbokappen Bookbites? Eller filmstreaming-tenesta Filmoteket? Begge er gratis og tilbod frå biblioteket.

 

  • Du kan skrive ut dokumentar eller ta ein kopi for ein liten sum: 1kr per ark i svart/kvitt, 3kr per ark i fargar. Du kan også skanne dokumenter og sende til e-post heilt gratis.

Velkomen til biblioteket!

Share This