Her er du: Vaksdal bibliotek > Aktuelt > Ukategorisert > Midlertidig ubetent Vaksdal filial

Midlertidig ubetent Vaksdal filial

AKTUELTpublisert 19.01.2023

Midlertidig ubetent måndagar på Vaksdal filial

I ein begrensa periode vil det ikkje vere bibliotekar tilstades på Vaksdal filal på måndagar. Dette fordi temperaturtilhøve no ikkje oppfyller krava til eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette. Me er som de veit i gong med finne ei god løysing på det og difor vil det vere ei begrensa periode kor det ikkje vil vere bibliotekar tilstades måndagar fram til tilhøva er utbetra.

Me vil oppretthalde viktige tenester som å levera reserverte bøker frå Dale til Vaksdal filial kvar måndag i denne perioden. Bokbestillingar kan gjerast seinast torsdag på mail til: maren.johanne.bordahl@vaksdal.kommune.no eller biblioteket si telefon/sms: 45376719. Om du treng nytt lånekort eller tilgong til meirope eller har andre spørsmål eller førespurnadar, ta kontakt! Me ber om forståing for denne situasjonen.

Biblioteket er tilgjengeleg som sjølvbetent, meirope bibliotek frå måndag – laurdag. Velkomen!

Share This