Her er du: Vaksdal bibliotek > Aktuelt > Ukategorisert > Låner du e-bøker på biblioteket?

Låner du e-bøker på biblioteket?

AKTUELTpublisert 29.05.2019

Frå 1. juli 2019 kan du berre bruke BookBites-appen til å låne e-bøker og digitale lydbøker frå biblioteket vårt. Du kan du ikkje lenger nytte eBokBib til å låne frå oss.

BookBites

BookBites er ein ny lese- og utlånsapp i Noreg. Alle kan laste ned appen og opprette ein brukar, men for å låne bøker må du ha lånekort på biblioteket.

Det er godt å lese i BookBites-appen. Du kan tilpasse og markere teksten, skrive notat og slå opp ord. Du kan endre bakgrunnsfarge på sidene, og boka vert opna på den sida ein avsluttar lesinga. Appen har automatisk innlevering av boka ved forfall, men du kan levere inn boka før forfallsdato. Du må laste ned bøkene medan du er på nett, men kan lese dei utan nettilgang (offline).

Om ulike funksjonar i BookBites på Biblioteksentralen sin nettstad

Du vil finne utstillingar av bøker i BookBites. Til dømes kan det vere «bokhyller» med Sommarles-tips, nominerte bøker til litterære prisar eller anbefalingar frå dei tilsette på biblioteket.

Korleis gjer eg det?

Du treng epost-adresse og lånekort. Har du ikkje lånekort, får du det på biblioteket. Det er gratis å låne bøker både på biblioteket og i BookBites-appen!

1. Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play
2. Lag ein brukar med epost-adresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
3. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket
4. Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les

Treng du hjelp?

Videoguide som viser korleis du kan opprette ein brukar, og ta i bruk Bookbites

Dersom noko går gale, kan du kontakte det lokale biblioteket ditt for å få hjelp.

Kvifor må vi byte til BookBites?

Da BookBites kom på marknaden, ville vi teste om den hadde nokre fordelar for e-bokbrukarane. Bookbites har funksjonar som skal støtte opp under den gode leseopplevinga, og motivere deg til å lese vidare. Appen har også integrerte hjelpemiddel for ulike lesevanskar, til dømes dysleksi.

Vi testa BookBites første halvår 2019. Tidleg i testperioden fikk vi melding om at eBokBib, den andre løysinga for utlån av e-bøker, vil bli lagt ned ved utgangen av 2019. Vi valte difor å gå over til BookBites for fullt når testperioden går ut. Vi ser ingen grunn til å betale for to system ut året, når vi uansett må gå over til å bruke BookBites. (Meir pengar til utlånsløysing, gir mindre til innhald.)

Utvalet er som før

Alle bøkene vi har tilgang til i eBokBib, skal også vere tilgjengelege i BookBites.

Det er nasjonale avtaler som ligg til grunn for at vi får låne ut e-bøker og digitale lydbøker. Bøker som er nyare enn to år, kjøper vi inn i pakker på 10 utlån/lisensar. Når alle utlåna i pakkene, er  brukt opp, vil den neste lånaren ikkje finne boka.

E-bøker

Når det gjeld e-bøker som er meir enn to år, har du tilgang til dei fleste e-bøkene som er utgjevne på norske forlag, så lenge biblioteka har pengar att på budsjettet. Når budsjettet er tomt, vil mange av titlane forsvinne. Ved neste månadsskifte dukkar dei opp att.

Digitale lydbøker

Lydbokutvalet er veldig lite. Dette kjem i hovudsak av at forlaga er motviljuge mot å selje digitale lydbøker til bibliotek.

Mange ønsker å sjå ei oversikt over alle lydbøkene dei kan låne. Det er ikkje nokon brukarvenleg måte å gjere dette på akkurat no. Utviklarane jobbar med saka, og i mellomtida kan du prøve ei nødløysing: Skriv inn * (ei stjerne) i søkefeltet og søk. Når du får fram trefflista, vel du øyretelefon-ikonet. Da skal du sitte att med ei liste over lydbøkene. Denne nødløysinga verkar på dei fleste nyare telefonar/nettbrett.

 


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Hordaland fylkesbibliotek
Share This