Det er gratis å låne hos oss
Her kan du sjølv administrere låna dine, eller søkja i katalogen.
Alle som bur i Noreg kan få lånekort, gratis. Møt opp i Hovudbiblioteket på Dale eller filialen på Vaksdal. Du kan sjølv bestemme om du ønsker eit lokalt eller nasjonalt lånekort. Hugs å ta med legitimasjon.
Lånetida er 4 veker for alt materiale.
Lån og fjernlån
I folkebiblioteket finn du skjønnlitterære og faglitterære bøker, teikneseriar for store og små, tidsskrift (både i papirformat og digitalt), aviser og tilgang til e-bøker og lydbøker via appen Bookbites.
Rekreasjon og underhaldning
I biblioteket finn du mange hyllemeter med bøker i papirformat. Biletbøker for dei minste, og fortejlingar av alle slag for dei som skal læra å lesa (med ulike lesenivå) og inspirerande, dramatiske og underhaldande historier for ungdom og vaksne, og faglitteratur til underhaldning, ettertanke, opplysing og læring.
Tidsskrift og aviser
Vaksdal folkebibliotek abonnerer på ein del tidsskrift av allmenn interesse – som Bonytt, Hytteliv, I Form og Vi over 60. Nokre tidsskrift får folkebiblioteka gratis tilsendt frå ulike institusjonar som til dømes Miljødepartementet og Universitetet i Bergen.
Me abonnerer på lokalavisene Hordaland og Vaksdalposten. Både tidsskrift og aviser kan du lese i ro og mak i biblioteket, og tidsskrifta kan du låne med deg heim.
