Forfattartreff i Dalebiblioteket

Arrangement

Tysdag 24. september kjem forfattar Annette Mattsson til biblioteket for å setja fokus på novellesjangeren.

Dato / tid
24.09.2019, 18:00 - 19:30


Mattsson vil snakka om forholdet sitt til novellesjangeren og lesa nokre av novellene sine.
Annette Mattsson debuterte med novellesamlinga Fotografiet i 1997. Ho har fått fleire prisar for forfatterskapet sitt. Ho er fødd i 1959 i Bergen, der ho fortsatt bur.