Her er du: Vaksdal bibliotek > Aktuelt > Ukategorisert > Les eit dikt!

Les eit dikt!

AKTUELTpublisert 16.03.2022

I krisetider kan det poetiske språket få ein særleg funksjon for å beskrive det vi kjenner. Her får du eit lite utval av dikt, med tema som varierer frå menneske i krig til å ta vare på kvarandre.

Verdas poesidag i ei uroleg tid

Verdas poesidag (fn.no) 21. mars vert kvart år markert over heile verda.

Kvite stearinlys, foto Dagleg får vi rapportar frå Ukraina om menneske i krig og på flukt. Ein kan lure på kva verdi ord har mot kuler og rakettar, men ein treng dei rette orda for å skape fred, og den ukrainske forfattaren Jurij Izdryk skriv at «ord kan være en omfavnelse». Han er den første ut i ein serie med 14 ukrainske diktarar med tekstar omsette til norsk (deichman.no)

Forfattaren Simon Stranger skreiv nyleg «Dikt for presidenter» (boktips.no). I diktet peiker han på at dei som startar ein krig, ofte er på trygg avstand, anten det er i Ukraina eller i andre delar av verda. 

Hendingane inspirerer folk til å skrive og publisere nye dikt, mellom anna i gruppa PoesiRingen på Facebook. 

 

Raudstrupesong

I Nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket (nb.no) finn du ei omfattande samling av litteratur som er utgjeven i Noreg eller skriven av norske forfattarar. Her finn du også ei rekkje diktsamlingar.

I Noreg har vi opplevd andre verdskrigen, då landet vart okkupert. Halldis Moren Vesaas skreiv diktet «Tung tids tale» (nb.no) prega av krigen sine hendingar.  

«Det heiter ikkje: eg – no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di.
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi.»

Hans Børli formulerte i diktet «Ett er nødvendig» (nb.no) om å
«Gå inn i mørket
og pusse sotet av lampen».

I diktet «Viljen» (nb.no) av Åse-Marie Nesse skreiv ho at viljen er:Sterk, illustrasjonsfoto
«rødstrupens song blant kanonar
Den held mennesket oppreist i motvind». 

Når livet er vanskeleg, vert vi tekne ut av det daglege og kan leite etter orda.

«Men hvem sa at dagene våre skulle være gratis?
At de skulle snurre rundt på lykkehjulet i hjertet vårt
og hver kveld
stoppe på gevinst?
Hvem sa det?
Hvor hadde vi det fra?»
Frå diktet «Landet som ikke var» (nb.no) av Kolbein Falkeid.    

Åleine og saman

Menneske på flukt treng særleg hjelp av andre, og nokre av dei kjem hit. Alle har vi behov for kontakt og vennskap. Om vi kjenner oss einsame, er det å håpe at vi kan finne mot til å ta kontakt.

Arild Nyquist skreiv med humoristisk vri i diktet «Ensomhet» (nb.no) at det kan vere greitt med litt einsemd, men nokre gongar har han: «… ensomhet nok for et helt orkester!»

I boka «Vingenatt : engelskikkelsen i europeisk poesi fra det 20. århundre» (nb.no),, finn vi dikt om å ha ein slags usynleg følgesvein. Nokre vil kalle det ein engel. Andre kan sjå det som eit bilde på eigenomsorg og støtte.  

Rolf Jacobsen skreiv i diktet «Skytsengelen» (nb.no):

«Jeg er fuglen som banker på vinduet til dig om morgenen
og følgesvennen din, han du ikke kan vite
blomstene som lyser for den blinde.»

Nokre gongar får vi lyst til å stenge verda ute. Vi prøver å finne balanse mellom det nære og hendingar ute i verda, som i diktet «T’ao Ch’ien» (nb.no) av Olav H. Hauge.

Årstidene skiftar, vinter vert til vår og sommar. Nærheit til naturen kan gje samkjensle og ny livskraft.

«Alt er så nær meg
denne velsignede dag.
Svaberget ligger
åpent med rolige drag.
Havbrisen vugger vennlig
den duftende tang.
Alt er så nær meg
ennå en lykkelig gang.»

Frå diktet «Alt er så nær meg» (nb.no) av Inger Hagerup.

Tekst: Helge Skurtveit, bibliotekutvikling Vestland
Bilde heading: Aniket Bhattacharya, Unsplash
Bilde 1 i artikkelen: Tina Witherspoon, Unsplash
Bilde 2 i artikkelen: Miguel Bruna, Unsplash

Krokus opp av grusen, foto

Foto: Helge Skurtveit


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Bibliotekutvikling Vestland
Share This