Her er du: Vaksdal bibliotek > Aktuelt > Ukategorisert > Pass godt på tarmen

Pass godt på tarmen

AKTUELTpublisert 15.03.2022

Veit du kva som kan lage ubalanse i tarmen og korleis ein kan løyse det? Svara er kanskje ikkje som du trur. Lær meir i denne artikkelen.

Heile kroppen

«Mind the Gut» – Pass på tarmen – heitte ei utstilling som fann stad på Medical Museion i København i 2017. Fokuset var særleg  på samanhengen mellom tarm og hjerne, og vidare på kroppen som ein kompleks heilskap.  

Tradisjonelt har legar forska på ulike enkeltorgan og vore spesialistar på sine felt. Tanken har vore at kroppen er sett saman av ulike organ med kvar sine funksjonar. Ny forsking viser at vi bør sjå annleis på kroppen, som ein kan lese om her: «Kroppen og tarmen hører sammen» (forskning.no). Ulike organ verkar inn på kvarandre, og saman påverkar dei helsa vår. 

Magekjensla

mage med teksten out of order, fotoI kroppen vår lever det over 1500 ulike bakteriar. 900 mikrobeartar bur i tarmane våre, der dei er i trillion-tal. Rett og rik samansett tarmflora fører til godt immunforsvar og beskyttar oss mot utvikling av t.d. overvekt, astma og allergi, irritabel tarm, diabetes, hjarte-karsjukdomar, autoimmune lidingar og psykiske helseplager. Dette er nokre av mange tilstander og sjukdomar som vert påverka av feil samansett tarmflora.

Men samanhengen går også motsett veg, m.a. kan stress og dårleg psykisk helse skape ubalanse i tarmen. Eit viktig samband mellom hjernen og dei indre organa er nervus vagus, eller vagusnerven som han vert kalla (snl.no). For å balansere vagusnerven kan ein søke opp nettstadar som handlar om det, til dømes med øvingar for pust, massasje, trykkpunkt og yoga. Andre tiltak for å betre magekjensla varierer frå latter til å dusje med kaldt vatn.

Avføring som medisin

I denne podkasten frå UiB får vi ei innføring i ulike sjukdommar og mageplager av gastroenterolog Trygve Hausken. (UiB Popviten, podbean.com). Irritabel tarm er den mest vanlege lidinga, men også den liding det ertarmbakterier mest vanskeleg å finne hjelp mot. Nyare forsking viser at tilføring av sunn tarmflora har god effekt på tarmsjukdommar som t.d. irritabel tarm og mot framvekst av Clostridium Difficile. Vidare vert det forska på om tilføring av sunn tarmflora kan ha positiv effekt på overvekt og psykiske plager.

Kunnskap er medisin

Lav FODMAP er ein diett med god effekt for mange av dei som har irritabel tarm. Å følgje denne dietten krev detaljkunnskap om nivået av tungt fordøyelege karbohydrat i maten. Kven kan vete at gule eple er betre enn raude og grøne, eller at ein bør unngå grøn paprika, men gå for den gule eller den raude paprikaen?
Les meir her: Lav FOTMAP – mat ved Irritabel tarm syndrom, Helse Bergen, Haukeland universitetssykehus. (https://helse-bergen.no).

Liste over aktuelle bøker:

Low FODMAP-dietten : for deg med irritael tarm 

Julianne Lyngstad: Godt for magen 

Mat og tarm

Mange faktorar påverkar kor sunn og motstandsdyktig den enkelte sin tarmflora er. Ein viktig faktor er kosthaldet vårt. Auka kjennskap og interesse om kor viktig maten er for sunn tarmflora, har dei siste åra ført til ei stor mengde bøker om rett kosthald for god tarmhelse.    

Liste over nokre av bøker om temaet:

Michael Mosley: Smart tarmhelse, 2018 

Berit Nordstrand: Tarmens medisin, 2018 

Mette Bender: Mat for glade tarmer, 2017 

Lina Nerthy Aurel og Mia Clase: Food pi+rmacy, 2017 

David Perlmutter: Sunn tarm – klart hode, 2017 

———————————- 

Medisinbruk har også stor innverknad på kor rik og sunn tarmflora vi har, t.d. kan omfattande antibiotikabruk føre til lavt mangfald, feil samansetnad og dårleg kommunikasjon mellom mikrobeartane. Dette er det framsyninga LactoLise og ClosTrude handlar om.  

LactoLise og ClosTrude – Bestevenner for bestandig

Få med deg framsyninga med Henriette Christie Ertsås. Foto frå forskningtilfolket.no

Molekylærbiolog og skodespelar Henriette Christie Ertsås (PhD, MFA) er på reis i Vestland fylke med ei framsyning for barn og unge i alderen 10 – 15 år om antibiotika sin verknad på tarmfloraen. Framsyninga er finansiert av Folkeakademiet Hordaland. LactoLise og ClosTrude (forskningtilfolket.no) 

Her møter vi LactoLise (Lactobacillus) og venninna hennar ClosTrude (Clostridium Difficile). LactoLise er ei travel og pliktoppfyllande og kanskje litt kjedeleg dame, medan ClosTrude er ei som tek meir plass. Ho gjer ein viktig jobb med å halde uønskte bakteriar unna. Ein dag vert vennskapen mellom LactoLise og ClosTrude sett på prøve. Kroppen har vondt i magen og inviterer inn Anton I. Biotika. LactoLise vert svak og klarer ikkje lenger utføre oppgåvene sine, som mellom anna er å halde styr på ClosTrude. ClosTrude endrar framferd og skapar kaos. Slik øydelegg skurken Anton I. Biotika vennskapen mellom dei, og han er årsak til ein tragedie som involvere både tarm og hjerne.  

Sjå meir informasjon om framsyninga på kvart bibliotek.

Tekst: Sigrid Furnes, bibliotekutvikling Vestland
Headingbilde: The Public Health Image Library from the Centers for Disease Control and Prevention, USA, Unsplash


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Bibliotekutvikling Vestland
Share This