Her er du: Vaksdal bibliotek > Aktuelt > Ukategorisert > Pride –  å feire kjærleiken!

Pride –  å feire kjærleiken!

AKTUELTpublisert 23.06.2021

Juni er den internasjonale Pride-månaden. Vi feirar at lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt) kan vere stolte og leve gode liv. Likevel er det framleis kampar å kjempe her og i andre land.

Pride i by og bygd

Korleis ville du oppleve å ikkje våge å vise ei av dei finaste kjenslene dine? For alle kan det krevje mot til å vere seg sjølve, og folk i lhbt-gruppa må finne endå meir mot.
Uansett legning og om du er singel eller i eit forhold, så er du invitert til å delta i feiringa. Under Pride har NRK1 ei regnbogefarga direktesending frå Oslo (nrk.no), med innslag frå heile landet.
– Pride er både fest og alvor, seier programleiar Silje Nordnes.

I paradane møter vi nokre som har pynta seg med glitter og sminke og andre som ser meir vanlege ut. Lars Korff Lofthus skriv på Facebook (facebook.com) ein tekst som vi har fått lov til å dele, om tankar før han skal halde tale på Pride i Tyssedal. Han skriv at det at å bryte med vande kjønnsroller kan «gjere handlingsrommet litt større for alle, ikkje berre for dei skeive».  Til vi ein dag kjem så langt at det ikkje tyder noko kven ein forelskar seg i, så lenge det er mellom likeverdige partar. Kjærleik er kjærleik, som når Knut Anders Sørum syng at «du er så fin» til ein mann (youtube.com).

I Bergen vart Pride-paraden i år ein båtkortesje. Mellom dei fargerike innslaga var flaggpynta båtar frå forsvaret (forsvaretsforum.no). I sentrum av byen kan du både sjå og sitje på ein skulptur med benkar som heidrar Kim Friele (bergen.kommune.no).
Bygdepride Ørsta/Volda 2018 gav startskotet til ei rekke feiringar utanom byane. Dei har i år laga ein film som du kan finne på nettstaden (bygdepride.no)
Dei håpte på nokre titals personar, men så kom det 5000 det første året! Noko av «æra» for at så mange har delteke der og andre stadar, er at folk vil vise si støtte og ta avstand frå diskriminering.

Idretten er ein av stadane som har behov for å ta tak i haldingar, og Sportsklubben Brann markerer at fotballen skal vere ein trygg arena for alle (brann.no).
Innan religiøse samfunn har det ofte vore vanskeleg å vere homofil, men i organisasjonar som den norske kyrkja, har ein god del fått ei større forståing for mangfaldet. Det er hevda at religiøse organisasjonar lenge har forveksla biologi og moral. Ein kan lese Bibelen på ulike måtar og ut frå kontekst (apenkirkegruppe.org).

Pride på biblioteket

Utstilling frå Alver bibliotek i samband med feiringa av Pride 2021.

Utstilling på Strilabiblioteket i samband med feiringa av Pride 2021.

Møte med skeive personar i skjønnlitterære forteljingar og fagbøker kan opne for innsikt og vise at vi på mange måtar er like. Boklister med forslag til bøker finn du mellom anna på Bergen Offentlige Bibliotek (bergenbibliotek.no), og Deichman har lister med bøker og filmar (deichman.no).

I e-bokutlånet BookBites er det laga ei bokhylle til markeringa. Her får du vite meir og korleis du kan laste ned appen (vestlandfylke.no).

Pride som historietime

Likekjønna kjærleik er ikkje noko nytt, og forfattarar frå tidlege tider, som poeten Sapfo, har skildra slike kjensler. Likevel har menneske måtte løyne «kjærleik som ikkje tør å seie namnet sitt». Til det ein dag vart nok. Ein forløpar til våre dagars Pride var Stonewall-opprøret i 1969 (nrk.no). Menneske på ein utestad i New York vart leie av å bli trakasserte av politiet. Dei gjekk ut og demonstrerte – og aktivistar har påverka samfunn i fleire delar av verda, slik at det har blitt enklare å leve som ein er. Men framleis vert menneske innan lhbt fengsla og forfølgde, og på verdsbasis får vi vite om stadar der tilhøva er dårlege (amnesty.no).
For norsk historie kan ein lese meir i Skeivt arkiv (skeivtarkiv.no).

Tekst: Helge Skurtveit, bibliotekutvikling Vestland
Foto heading: Sharon McCutcheon, Pexels


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Bibliotekutvikling Vestland
Share This