Her er du: Vaksdal bibliotek > Aktuelt > Ukategorisert > Forteljingane bak bøkene

Forteljingane bak bøkene

AKTUELTpublisert 05.11.2020

Når vi les eller høyrer ei bok, får vi kanskje lyst til å vite meir. Å møte ein forfattar i eit biblioteklokale kan gje gode opplevingar og ny innsikt, men litterære arrangement er ikkje mogleg å få til alle stadar, og særleg ikkje no.

I denne artikkelen får du tips om å finne podkastar og andre opptak. Dei fleste er henta frå norske kjelder i bibliotek, litteraturhus, forlag, NRK med fleire.

Podkastar frå bibliotek

Podkastar frå litteraturhus, NRK og forlag med fleire

Ein blanda bukett

Haustblad i mange fargar, foto

Det finst podkastar i alle variantar.
Foto: Helge Skurtveit

Podkastar kan brukast som lydbøker, og i teksten under er eit lite utval lydopptak og filmar som viser den store variasjonen i form og innhald.

Vi kan til dømes bli med på litterær lunsj med Aksel Fugelli på hovudbiblioteket i Bergen, der han fortel om ei bok han skreiv etter samtalar med faren Per.
Olaug Nilssen har brukt hendingar frå eige liv i ei bok om livet med ein funksjonshemma son. På troen løs: Tung tids tale med Olaug Nilssen, podkast frå Litteraturhuset i Bergen. Den siste boka, «Yt etter evne, få etter behov» er nominert til Brageprisen. Intervju: Olaug Nilssen er nominert til Brageprisen (NRK Radio)

Zeshan Shakar har fått gode omtalar for tekstar som har hovudpersonar med fleirkulturell bakgrunn. «Gul bok» kom i år. Høyr Shakar lese eit kort utdrag frå boka (Gyldendal, Facebook).
Noveller av Ingvild H. Rishøi har nådd fram til lesarar: Her er eit opptak frå Litteraturhuset i Oslo, og historia er sett frå eit barn sitt blikk i denne nye teksten.

I eit program frå Aschehoug fortel Erlend O. Nødtvedt om skrivinga. 

Beate Grimsrud døydde tidlegare i år, og «Jeg foreslår at vi våkner» vart den siste boka hennar. Her kan du høyre ein podkast til minne om henne: Vi minnes Beate Grimsrud (NRK Radio). «Jeg foreslår at vi våkner» er nominert til Brageprisen for vaksen skjønnlitteratur. I denne filmen får vi vite meir om korleis ho vart forfattar (Youtube).

Det mangfaldige livet

Edvard Hoem vart intervjua av Hallgeir Opedal (Bokpod) etter at han hadde begynt på serien med bøkene som starta med «Slåttekar i himmelen». Podkast med Edvard Hoem, Cappelen Damm.
Vigdis Hjort fortel om eigne bøker og skodespel av Berthold Brecht. Vigdis Hjort på Lillehammer litteraturfestival.

Bjørn Hatterud skildrar både utfordringar og styrkar som ein «outsidar» i boka «Mot normalt». Intervju med Bjørn Hatterud, (Ekko, NRK Radio).
Gro Dahle fortel om hennar metode for å skrive. Dahles metode: Mesterkurs med Gro Dahle, Litteraturhuset i Bergen.

«Tollak til Ingeborg» av Tore Renberg handlar om ein eldre mann som ser tilbake på livet. Her er ei bokmelding og intervju (nrk.no).
Jon Fosse samtalar om skriving, stadar og religion. Program med Jon Fosse (NRK TV).

Ut i den store naturen

«Finn kongefølelsen» er ei bok av Randi Skaug. I «Sommar i P2» snakkar ho mellom anna om å arbeide med seg sjølv for å byte «må, bør og skal» med «tør, vil og kan». Program med eventyrar Randi Skaug (NRK Radio)

I dette opptaket blir vi med den engelske reportaren Ben Fogle til der ho bur, på Naustholmen i Steigen; Eit enklare liv, Ben Fogle besøker Randi Skaug (NRK TV).

Roy Jacobsen har skrive fire romanar om folk på Barrøy, eit lite samfunn på kysten av Nordland. Han er på ei reise i desse traktene i dette innslaget; Roy Jacobsen i Bokprogrammet (NRK TV).

Brit Bildøen fortel om ny interesse for fuglar og boka «Over land og hav» (NRK Radio).
Maria Parr skriv bøker der barn gjerne finn på ting ute i naturen, og her er forfattaren på heimstaden Fiskå i Vanylven; Maria Parr, Vanylven. Bokekspedisjonen (NRK TV).

Tekst: Helge Skurtveit, Bibliotekutvikling Vestland.

Foto under: Alex Blajan, Unsplash

Mann med headset i profil, foto.


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Bibliotekutvikling Vestland
Share This