Her er du: Vaksdal bibliotek > Aktuelt > Ukategorisert > Skrekk og gru! Lesetips i haustmørkret

Skrekk og gru! Lesetips i haustmørkret

AKTUELTpublisert 20.10.2020

På jakt etter inspirasjon til feiring av Halloween? Skremmande bra lesetips? Her kjem nokre tips frå den digitale bokhylla til Nasjonalbiblioteket. Du får også nokre nyare tips du kan lese digitalt i BookBites.

Halloween

Noko av det mest gåtefulle med menneskenaturen må vere den enorme gleda vi har av å bli skremt. Denne gleda går på tvers av alle aldersgrenser. Som det står i føreordet til boka Alle barnas iskalde grøss: «Det er deilig å bli skremt» – også for borna! Vi har til og med laga ei eiga feiring av alt som er skummelt, makabert, ekkelt, osb.: HALLOWEEN. Inspirasjon til å lage mat og kostyme  finn ein i boka HALLOWEEN – fortryllende godbiter, mat, kostymer og dekorasjoner. For å få tips til filmar ein kan sjå saman med andre på Halloween, kan ein kikke i bøker som Fra Frankenstein til Freddy Krueger og Det skrekkelige: fra grøssere til splatter: seks essays om horror.

Grøss i bokform

Halloween-spøkelse i skummet på ein kaffikopp. Foto.

Skumle lesetips til mørke haustkveldar.
Foto av Toa Heftiba, henta frå Unsplash

Her kjem nokre tips for Halloween frå det digitale arkivet til Nasjonalbiblioteket for dei som vil ha noko skummelt å lese. Om borna synest dei klassiske eventyra er for gammaldagse, finst det  mykje nyare litteratur om ein søkjer på stikkord som «grøss» og «skrekk». Her kan nemnast ein fin serie av forfattaren Betsy Haynes, og kanskje spesielt historia om Frankenkalkun. Frankenkalkunen er ein kunstig kalkun som blir treft av lynet og blir levande, og byrjar å jakte på menneskeborn! Det er ein moderne og artig vri på klassikaren Frankenstein av Mary Shelley, som nok passar betre for vaksne. For born i alle aldrar finst det også mange bøker som handlar om spøkelse.

Stephen King

I skrekk-sjangeren for vaksne er det i nyare tid vanskeleg å kome utanom bøkene til Stephen King. Han har skrive nokre av dei mest originale og nyskapande grøssarane i moderne tid, og kanskje den mest uvanlege er historia om Christine. Christine er ikkje ei kvinne, men ein bil, og ein ganske så ondskapsfull og morderisk bil! I tillegg er han, eller ho, sjølvreparerande, og dermed umogleg å øydeleggje. Det kan også vere verdt å sjekke ut Carrie, som handlar om ei ung plaga jente med telekinetiske evner. Figuren «Eleven» i Netflix-serien Stranger Things har nok henta mykje inspirasjon frå Carrie.

De kan også finne nokre nyare romanar av Stephen King i BookBites.

Hitchcock

Underteikna hadde sjølv i tidleg ungdom stor glede av to bokseriar frå 70- og 80-talet som begge var inspirert av ein annan skrekk-ekspert, nemleg Alfred Hitchcock: Hitchcocks utvalgte og Hitchcocks beste grøss. Titlar som Spiker til likkisten og Kalde lik – og varme… seier det meste om kva bøkene inneheld. Det eg likte spesielt godt med historiene i desse bøkene var at dei alltid hadde ein finurleg overraskande, ironisk og makaber vri på slutten som snudde opp-ned på kva ein hadde trudd skulle skje, slik vi svært ofte også ser i filmane til Hitchcock. For ein ung lesespire (som kanskje eigentleg var litt for ung for desse bøkene) var bøkene akkurat skumle nok til å tilfredsstille skrekktrangen, men samstundes ikkje så skremmande at det øydela nattesømnen.

Neil Gaiman

I seinare tid har underteikna hatt stor glede av å lese teikneseriar av Neil Gaiman, spesielt Sandman-serien, I universet til Gaiman opptrer figurar frå alle moglege religionar og mytologiar. Hovudpersonen er til dømes Morfeus, draumeguden. Systra hans er sjølvaste Døden. Vi møter Den falne engelen Lucifer. Det er mange makabre og mystiske element i serien sidan Gaiman i tillegg hentar inspirasjon frå klassisk skrekklitteratur og den såkalla goth-sjangeren. Dersom ein liker mytologi blanda med skrekk og ein dose goth er dette absolutt noko ein må lese! Serien passar best for vaksne og ungdom over 12-14 år.

Meir grøss og gru!

Om ingenting av det som er nemnt ovanfor fristar, kan ein sjekke ut nokre av desse titlane: American Psycho (Bret Easton Ellis), De dødes tjern (André Bjerke), Mordene i Rue Morgue og andre fantastiske fortellinger (Edgar Allan Poe), Exorcisten – djevleutdriveren (William Peter Blatty), Skrekken fra Dunwich og andre historier (H. P. Lovecraft), En vampyrs bekjennelser (Anne Rice), Elskede (Toni Morrison).

Med dette ynskjer vi dykk ei skrekkeleg og grufull feiring!

Tekst av Geir Follevåg.

Nyare tips du kan lese i BookBites

Vaksenbøker:

  • Setterfield, Diane: Det var engang en elv, 2000
  • Tremayne, S.K.: Ildbarnet, 2017
  • King, Stephen: De sovende, 2018
  • Paver, Michelle: Høydeskrekk, 2018

Barnebøker:

  • Mostue, Sigbjørn: Dødens tjern, 2020 Alder: 9-13
  • Ford, Michael Thomas: Pass deg for dukken, 2020 Alder 9-13
  • Eitt par bøker som er del av serie om grøss og gru:
  • Sunne, Linn T. : Mareritt, 2019, nynorsk Alder 12-16
  • Røssland, Tor Arve: Den tolvte spelaren, 2018, nynorsk, Alder 12-16

 

Mørk skog med lysning gjennom. Foto.

Foto: Johannes Plenio, Unsplash


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Bibliotekutvikling Vestland
Share This