Her er du: Vaksdal bibliotek > Aktuelt > Ukategorisert > Skrivekonkurranse om miljø

Skrivekonkurranse om miljø

AKTUELTpublisert 15.05.2020

Koronapandemien har vore katastrofal for mange, men har òg medført at klimagassutsleppa har gått ned. Kva tenker du om det? Vi inviterer barn og unge til skrivekonkurranse om miljø. Med på vegen får du skrivetips frå Ingelin Røssland.

Kor skal eg starte?

«Den som kan skrive godt har alle fordelar i livet, nesten», seier forfattar Ingelin Røssland. Ho gir deg sine beste insider-tips i 7 filmsnuttar. Skrivekonkurransen er eit samarbeid mellom Framtida.no, Magasinett og Bibliotekutvikling Vestland. Resultata vil bli spreidd i fleire kanalar. Fristen er 12. juni, og bidraget kan vere ein skjønnlitterær tekst: ei forteljing, eit dikt, ein teikneserie eller fleire uttrykk saman.

Les meir om oppgåvene og premiane her:  
Skrivekonkurranse for barn opp til 14 år.  
Skrivekonkurranse for unge opp til 21 år.  

Miljøutfordringar i 2020

Miljø er det du finn rett utfor døra di, i strandkanten og på snaufjellet. Miljøet er tett knytt til klima. Ei rik og oppdatert kjelde til fakta om miljøet i Noreg finn du på Miljøstatus frå Miljødirektoratet.

Visste du til dømes at heile 90 prosent av befolkninga i Noreg går på tur? Kvifor trur du det kan vere ein viktig aktivitet for mange? Og kva har det å seia at vi i Noreg har 2355 trua dyreartar? Har det noko å seie for oss menneske? Kva bør vi gjere for å hindre utryddinga av artar?
Skrivekonkurransane er ein del av prosjektet Kjelda ved Seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune, som handlar om å formidle kvalitettsikra kjelder i folkebiblioteka. Prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket.

Lukke til! Vi ser fram til å lese teksten din.

«Skriv vittige meldingar og du har ein fordel i kjærleiken, skriv ein god jobbsøknad og få jobben du vil ha eller skriv eit godt debattinnlegg for å få folk til å dela ditt syn på verda»

Sjå skrivetipsa frå Ingelin Røssland her:


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Bibliotekutvikling Vestland
Share This