Her er du: Vaksdal bibliotek > Aktuelt > Ukategorisert > Ekte kjærleik – finn du i Bokhylla

Ekte kjærleik – finn du i Bokhylla

AKTUELTpublisert 11.02.2019

Størst av dei er kjærleiken

14. februar feirar vi sjølvaste kjærleiken. Men kva er «kjærleik»? «Romantikk», «lidenskap», vil kanskje mange seie. Det er å ha så sterke kjensler for ein annan person at alt anna blir uvesentleg og ingenting kan kome mellom dei som elskar kvarandre. Dei er som meint for kvarandre.

Jaudå, det finst slik «kjærleik» i litteraturen. Tenk på Stolthet og fordom, til dømes. Det er ikkje kjærleik ved første blikk for Mr. Darcy og Elizabeth Bennet. Tvert om er begge svært skeptiske til kvarandre, kanskje til og med foraktar dei kvarandre. Likevel, eller kanskje nettopp fordi kjærleiken mellom dei tar lang tid å utvikle seg, er kjærleiken til slutt så sterk som han kan bli. «Jeg er det lykkeligste mennesket i verden.», seier Elizabeth.

Ekte kjærleik gjer oss lykkelege.

Love hurts

Det er i det minste slik vi helst vil at kjærleiken skal vere, men er han det? Kjærleiken er kanskje størst, men er han berre god?

Tenk på ordet «lid­e-nskap». Kjærleiken er liding. Han gjer vondt, som det heiter i ein gammal song.

I gresk mytologi er kjærleiksguden Eros sonen til venleiksgudinna Afrodite og krigsguden Ares. Kjærleik og krig. Kjærleik er krig. Kjærleik kan skape krig. Alle har høyrt om Romeo og Julie, som kjem frå to familiar som ligg i blodstrid med kvarandre, og at kjærleiken mellom dei er forboden. Når dei trassar forbodet, får det tragiske konsekvensar.

Kjærleiken kan vere ganske så destruktiv. Det finst truleg fleire Romeoar og Julieer i litteraturen enn Elizabether og Mr. Darcyar. Her kan nemnast den unge Werther og lidingane hans, stakkars Anna Karenina, Johannes og Victoria hos Hamsun, osb. Lista er nesten uendeleg, og blir endå lengre dersom ein tar med historier der kjærleiken til ein person ikkje blir returnert, eller der mistanken om at personen ein elskar er utru.

Dette kan vekkje sjalusi, som er ein sentral tematikk i bøkene til Marcel Proust. Her må sjølvsagt nemnast Othello av Shakespeare, der hovudpersonen heller tar livet av kvinna han elskar enn å risikere at nokon andre får henne. Han elskar henne ikkje for lite, men for mykje.

Alt er love

Alt er love, som det heiter i desse tider, men ikkje all love har vore lov. Det var lenge forbode per lov å vere homofil. Oscar Wilde blei kasta i fengsel for å vere homofil. I Den umoralske av André Gide blir det skildra ein homofil livsstil som endar tragisk. I Ensomhetens brønn av Radclyffe Hall går det heller ikkje særleg bra for den lesbiske hovudpersonen.

I dag er desse formene for kjærleik heldigvis blitt mykje meir akseptert, og kjærleik mellom to av same kjønn kan også bli skildra som like enkel og ukomplisert som den mellom to av motsette kjønn. Berre les Frå mann til mann : dikt om menns kjærleik til menn, eller den humoristiske skildringa frå 1960-70-talet i Noreg i Opp alle jordens homofile av Gerd Brantenberg. Ta også ein kikk på den mest kjende norske boka om homofil kjærleik, Villskudd av Gudmund Vindland, som kom ut i 1979, og oppfølgjaren Stjerneskudd. For nyare bøker kan du gå på biblioteket, eller lese dei som e-bøker. Søk til dømes opp ordet «homofili» i oversikta over emne i appen du bruker for å låne e-bøker.

Uansett kva form for kjærleik ein er så heldig, eller uheldig, å måtte ha opplevd, ynskjer vi med desse lesetipsa ein god valentinsdag!

 

Boktipsa i artikkelen er henta frå Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek. Nasjonalbiblioteket digitaliserer systematisk bøker som er gjeve ut i Noreg. I nettbiblioteket kan du søke i fulltekst i bøker, aviser, bilete og tidsskrift. Materiale som ikkje er verna av opphavsretten er tilgjengeleg for alle på internett. Rettleiing til søk i nettbiblioteket finn du her.


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Hordaland fylkesbibliotek
Share This