Lånekortet til Vaksdal bibliotek
Her er du: Vaksdal bibliotek > Bli lånar

Bli lånar

Velkommen som lånar på Vaksdal folkebibliotek!

Det er gratis å låne hos oss

Her kan du sjølv administrere låna dine, eller søkja i katalogen.

Alle som bur i Noreg kan få lånekort. Du kan sjølv bestemme om du ønsker eit lokalt eller nasjonalt lånekort. Hugs å ta med legitimasjon.

Lånetida er 4 veker for bøker, lydbøker og tidsskrift, og ei veke for dvd.

Lån og fjernlån

I folkebiblioteket finn du bøker, lydbøker, teikneseriar, tidsskrift, aviser, filmar og tilgang til e-bøker.

Rekreasjon og underhaldning

I biblioteket finn du framleis mange hyllemeter med bøker i papirformat. Biletbøker for dei minste, morosame bøker for dei som skal læra å lesa, tjukke og tynne forteljingar og faktabøker for dei av barna som allereie elsker å lesa, inspirerande, dramatiske og underhaldande historier for ungdom og vaksne, og faglitteratur til underhaldning, ettertanke, opplysing og læring.

Tidsskrift og aviser

Vaksdal folkebibliotek abonnerer på ein del tidsskrift av allmenn interesse – samfunsstidsskrift, interiørblad, populærvitenskapelege blad, litteraturtidsskrift og handarbeidstidsskrift. Nokre tidsskrift får folkebiblioteka gratis tilsendt frå ulike institusjonar som til dømes Miljødepartementet og Universitetet i Bergen.

Vi abonnerer på lokalavisene Hordaland og Vaksdalposten, og elles Morgenbladet og Dag og Tid. Både tidsskrift og aviser kan du lese i ro og mak i biblioteket, og tidsskrifta kan du låne med deg heim.

Share This