Norske folkeeventyr på 19 språk

Aktuelt   

Eit eventyrleg gratistilbod til alle barn i Vaksdal - heime, på skulen, eller i barnehagen!

lesekroken2-1050x315

Vaksdal folkebibliotek abonnerer no på lesekroken.no, og alle kan bruka dette tilbodet. Her finst norske folkeeventyr på 19 ulike språk. Barna (og sjølvsagt dei vaksne!) kan logga seg på, velja språk, lesa, lytta, fargeleggja, pusla og spela ordlotto.

Dette er eit engasjerande, spennande og lærerikt digitalt online-tilbod frå biblioteket! Passordet er: Arsenal

Lukke til!